Stankelbein
Norsk
:: Stankelbein
Latinsk :: Tipulidae
|
|
Fakta :: Stankelbein (også kjend som augnestikkar) byrjar liva sine som egg og blir deretter larvar. Larvane kan leve i vatn, mose rotent tre, fuktig jord og liknande, dei et mykje og veks fort. Dei et då stort sett av forskjellige planteslag. Stankelbeinlarven skiftar hud fleire gongar før den forpuppar seg. Etter at larvedelen er ferdig, pakkar den seg inn i ei puppe. Når den er ferdig med å vere puppe, blir den om til ein baby-stankelbein. Dei lever åleine, men blir klekka omtrent samtidig i store mengder. Det blir produsert to generasjonar med stankelbein kvart år. Den første generasjonen kjem ut av puppen tidleg om våren og har blaute og krøllete vingar, men dei rettar seg opp og herdar raskt. Eit vakse stankelbein har berre ei oppgåve, og det er å forplante seg. Den veks ikkje og et nesten ingenting. Hannen dør ei stund etter forplantninga mens hoa lever lenge nok til å få lagt ca. 300 egg. Desse egga blir liggjande i fuktig jord i nokre veker før dei blir klekt ut om hausten. Dette er andre generasjon med stankelbein. Dei lever som larvar heile vinteren, og dei som overlever vinteren, forplantar seg om våren. Stankelbein høyrer til myggfamilien og har lange, tynne bein som ikkje er beregna til å gå på. Desse lange beina blir brukt til å halde seg fast. Det gjer dermed ikkje så veldig mykje om eit par av beina dett av sidan dei framleis kan halde seg fast. Stankelbein kan ikkje flyge i sterk vind, så derfor er det ikkje så vanleg å sjå stankelbein i for eksempel orkanar. Dei klorar seg fast når dei kviler, og når det er for sterk vind til å flyge i. Stankelbein trivst best på kjølige stadar og slår seg gjerne ned på fuktige stadar i gras. Stankelbein har to vengjer og to balanseorgan som er festa på
bakkroppen. Når vengjene til stankelbeinet byrjar å bevege
seg, vibrerer krøllane seg. Dei brukast til å korrigere
kursen og til å holde balansen når stankelbeinet flyg.
|
|
Utbreiing :: Stankelbein er eit ganske vanleg insekt og finst mest attmed vatn. |
|
Finnestad ::
Du finn det over alt i Hjørundfjorden, også ved "Lisjeelva".
|